Kurs for å styrke kampen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme

Fredag 1.oktober var deltakarar frå Hareid og Ulstein kommune samla på Skaparhuset i Ulsteinvik til kurs i Motiverande intervju (MI) ved fagansvarleg  for MI veg Høgskulen i Innlandet, Solveig Høegh-Krohn.

Monica Torvik Stokset   

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kurset er eit ledd i arbeidet med å styrke kompetansen i kommunane innan arbeid med radikalisering og valdeleg ekstremisme. Totalt har ni personar frå Hareid og Ulstein gjennomført Nasjonal mentoropplæring om førebygging av radikalisering i Regi av RVTS-Vest.

Kurset er med på å vidareføre og styrke kommunane sin kunnskap innan feltet, som er forankra i kommunane sitt felles Politiråd. Ansvarleg for å organisere kurset, SLT-koordinatorane Monica Torvik Stokset og Vedrana Terzic, seier at repetisjon av MI har vore etterspurt blant deltakarane, og metoden opplevast som nyttig innanfor ein rekke fagfelt og område.