Gapahuken ved Kaldhola er ein av dei mange gapahukene i Hareid kommune. Kva er din favoritt?
Hareid kommune
På Sunnmøre er det ikkje noko samla oversikt over gapahukar per i dag. I løpet av friluftslivets år 2025 går friluftsrådet i gang med å kartlegge så mange gapahukar som råd, for å kunne lage ei oversikt som vil gjerast tilgjengeleg for alle. Til det treng dei di hjelp!
Dei ynskjer at du sender litt info om din favorittgapahuk.
Alle som sender inn er med i trekning av fine friluftspremiar!
Gapahukens dag
I forkant av gapahukens dag 27. september vil friluftsrådet kåre den flottaste gapahuken i kvar medlemskommune! Det vil vere arrangement i alle 15 gapahukane som har blitt kåra, og desse gapahukane vil også få overrekt eit synleg bevis på utmerkinga!
Gapahukar i turkart
Når ei samla og god oversikt over gapahukar er klar, vil dette bli synleggjort og tilgjengeleg i turkart og på friluftsrådet si nettside.
Sjå her for meir informasjon og for å tipse om din favorittgapahuk:
https://friluftsraadet.no/sider/gapahukar-som-naerturmal