Kva gjer eg om er sjuk?

Vi er ikkje heilt tilbake til normalen, så vi må framleis teste oss og halde oss heime om vi er sjuke. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dersom du blir sjuk med luftvegsinfeksjon er hovudregelen at du skal halde deg heime.

Du skal også teste deg. Det kan du framleis gjere på teststasjon, men vi held på å rulle ut tusenvis av sjølvtestarar som alle kan ta heime. Det vil kome meir informasjon om dette snart.

 

Ok, så då held du deg heime og testar deg om du er sjuk.

  • Men kva med barna, når skal vi teste dei?
  • Kva skjer om eg testar negativt – eller kva med positivt?
  • Og når kan du gå tilbake til jobb, skule eller barnehage?

FHI har utarbeidd eit flytskjema som forhåpentlegvis svarer på spørsmåla du har.

Sjå biletet – eller last ned høgoppløyseleg PDF som du kan printe ut og henge på arbeidsplassen din. (PDF, 104 kB)