Kva skal Hareid kommune gjere med ungdomsskulen? - Saker til formannskapet 11. mars

Kommuneøkonomi, arbeidet med ny ungdomsskule, Pålhaugen, alkoholpolitisk handlingsplan og beredskap er nokre av temaa formannskapet skal innom på måndag.

Du kan sjå heile saklista og lese alle sakspapira her.

Møtet blir sendt direkte på Facebook frå klokka 12. Du kan også sjå det her i denne artikkelen, og i opptak seinare.

 

Under følgjer eit samandrag av utvalde saker frå saklista:

 

Kommuneøkonomien

Konstituert kommunedirektør Bent Arild Grytten skal informere om status for kommuneøkonomien. Underskotet for 2023 er så stort at Hareid kommune sannsynlegvis må på Robek-lista allereie i år.

Seinare i møtet skal formannskapet bestemme om dei meiner at Grytten skal konstituerast vidare som kommunedirektør. Det er kommunestyret som tek endeleg avgjersle i den saka.

 

Orientering om Pålhaugen

Fungerande eigedomsleiar skal orientere om status for prosjektet med omsorgsbustadane på Pålhaugen.

 

Kva skal Hareid kommune gjere med ungdomsskulen?

Dagens ungdomsskule krav til helse, miljø og pedagogikk. Prosessen med å finne ut korleis ein framtidig ungdomsskule skal vere er derfor starta. Administrasjonen har presentert fire ulike for vegen vidare:

0.     Rehabilitere eksisterande bygg og leike utanfor skulen

1.    Bygge på skulen med nytt bygg ved sidan av

2.    Bygge på skulen med ny etasje

3.    Bygge heilt ny ungdomsskule

 

I alle alternativa der det blir lagt opp til å behalde eksisterande skulebygg (alt. 0,1 og 2), har vi lagt til grunn at det berre er fundamenta, beresystemet og det berande korrugerte stålplatetaket som vert å behalde. Ved alternativ 3, blir heile den eksisterande bygningsmassen fjerna.

 Admininstrasjonen tilrår at dei folkevalde går for å greie ut dei to alternativa som skil seg mest: Rehabilitering eller nybygg.

Driftsmessig ser dei klare ulemper eller utfordringar med alternativ rehabilitering, men sidan det er meir investeringsmessig økonomisk gunstig enn dei andre alternativa, så bør vi greie ut dette alternativet vidare. Dersom vi i tillegg skal greie ut eitt av dei andre alternativa, så råd administrasjonen til at dette vert alternativ 3, nybygg. Det vil ha såpass mange fordelar med seg at sjølv om det har ein litt høgare investeringskostnad enn nybygg og tilbygg, så utgjer det så lite forskjell på livsløpskostnaden per år at nybygg verkar som ei gunstigare løysing.

 

Lokalisering

I prosessen har administrasjonen også drøfta lokaliseringa av dagens ungdomsskule. Lokaliseringa er sett på som svært gunstig. Ungdomsskulen ligg rimeleg sentralt i Hareid sentrum og i beinveges nærleik til andre funksjonar som ungdomane nyttar mykje, som Hareidhallen, banene og kulturskulen. Soltilhøva er gode og infrastrukturen rundt er gunstig. Alternativet med å bygge ny ungdomsskule ein annan stad er difor ikkje vurdert. For alternativet med nybygg er det forutsett at  eksisterande skule bli riven og ny skule bygd oppatt same stad.

I saka blir også alternativ for svømmehallen vurdert.

Saka skal vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.

 

Ny kommunal alkoholpolitikk

Kommunane har eit ansvar for å utforme sin eigen lokale alkoholpolitikk, innanfor alkohollova sine rammer. Som ein konsekvens av dette pliktar kommunen å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan.

Eksisterande plan går ut i 2024 og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal ta stilling til val av fornyingsprosess for gjeldande sals- og skjenkeløyve i kommunen.

Gitte løyver gjeld maksimalt til 30. september året etter at nytt kommunestyre har tilrådt. Kommunestyret har då høve til å påverke korleis alkohol- og løyvepolitikken skal vere dei neste fire åra.

Utkast til ny alkoholpolitisk handlingsplan er omtalt i saksframlegget og kommunedirektøren ber om at utkastet vert sendt på høyring.

 

Veteranplan

Ein veteranplan skal gi auka merksemd i lokalsamfunna på veteranar sin innsats, også etter 2. verdskrig. Planen skal medverke til å anerkjenne, følgje opp, og ivareta veteranar frå internasjonale operasjonar. Kommunane på Søre Sunnmøre er samde om å utarbeide ein felles veteranplan. Det er denne planen som dei folkevalde no skal ta stilling til.

 

Folkevald deltaking i beredskapsplanlegginga

Hareid kommune skal lage nye grunnlagsdokument for beredskapsplanlegginga. Dette skal vere ein analyse av kva risikoar og sårbarheiter som vi har her i kommunen. Kva kan truge liv, helse, materielle verdiar, kritisk infrastruktur og tenestene våre?

Dette arbeidet skal forankrast både hos dei folkevalde, men også hos eksterne aktørar og innbyggarane. I denne saka skal formannskapet peike ut to folkevalde som kan vere med i ein arbeidsgruppe for denne heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen.