Kva skal «restauranten» heite?

Matsalen på Hadartun har blitt ny. Då fortener han eit skikkeleg namn.

Oversiktsbilete av matsalen på Hadartun.  - Klikk for stort bilete Ann Cecilie Garnes Utgård  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Den siste tida har tilsette både malt salen og pussa opp møbler. I tillegg blei det løva midlar til og kjøpt inn nye bord og stolar. Brukarar fortel at dei «føler dei er på restaurant». Det er berre rett og rimeleg at denne restauranten har eit skikkeleg namn.

Så då er spørsmålet: Kva skal restauranten heite?

Har du forslag? Send dei på e-post til Ann Cecilie Garnes Utgård eller legg det i forslagskassa som står på eit bord i matsalen/restauranten. Du kan også legge igjen forslaget på Hareid kommune si Facebook-side.

På onsdag 22. juni blir det arrangert sommarfest på Hadartun. Då vil det nye namnet bli avslørt.