Kva skal vegane på Plassane heite?

Vegane i det nye byggefeltet på Plassane må få seg namn. Namneutvalet har utarbeidd forslag og no kan du seie di meining.

Saka leggast no ut på høyring etter stadnamnlova paragraf 8. Vegane høyrer til reguleringsplanane Plassane (PlanID 19990001). Veg 2135/Melshornvegen blir også vesentleg endra slik at det er naturleg å ta denne opp til ny vurdering.

Har du innspel, må du sende dei inn skriftleg til postmottak@hareid.kommune.no eller per post til:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Merk med «23/2156 Vegnamn i reguleringsplanen Plassane»

Høyringsfristen er 1. juni 2024.

Sjå biletet for å sjå kvar vegane skal gå. Du kan også sjå kart over vegane her.

Dei aktuelle vegane er lista opp under.
namneutvalet handsama saka i møte 26. februar og kom med tilrådingar. Tilråding og grunngjeving frå namneutvalet er i kursiv.

  • Veg 2135/Melshornvegen, merka raudt i kartet.

Tilråding: Melshornvegen
Grunngjeving: Blir forlengd med same namnet.

  • Veg 2155, merka blått i kartet

Tilråding: Hovleitevegen
Grunngjeving: Vegen går i retning Hovleite

  • Veg 2156, merka grønt i kartet

Tilråding: Kjøsateigen
Grunngjeving: Vegen går over Kjøsateigen

Kart som viser nye adresseparsellar - Klikk for stort bileteKart som viser nye adresseparsellar Hareid kommune

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.