På workshopen kan du vere kreativ og få gode sytips. Du kan ta med ei utsliten dongeribukse eller T-skjorte og få hjelp til å designe og lage nye ting, som for eksempel di eiga unike veske.
Marion Øvrelid skal leie ungdommane under redesignkurset.
Saurom Systue
Vi ordnar med alt du treng av utstyr, stoff til dekor med meir, så her er det berre å møte opp!
- Workshopen er for personar frå Hareid og Ulstein kommunar i alderen 13-20 år.
- Tid og stad: Hareid folkebibliotek 15.juni frå kl.18.00 til 21.00.
- Påmelding på e-post til kulturkonsulent: melinda.skeide@hareid.kommune.no
Takk for positivitet og god hjelp frå Saumrom Systue, Hareid og Ulstein Husflidslag og UKM Hareid og Ulstein.
Dette blir kjekt!
Du kan halde deg oppdatert på arrangementet her.