Marius Beck Dahle
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.
Alle kommunane i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommunar.
Det er ledig 260 % fast stilling som barnevernskonsulent og 40% vikariat med varigheit eit år. 60 % fast og 40% vikariat vil bli kombinert i ei stilling. Ved interne tilsetjingar kan det bli ledig vikariat med inntil eitt års varigheit.
Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk på stillingane!
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Tverrfagleg samarbeid
- Sakshandsaming for nemnd og rett
- Deltaking i fagleg utviklingsarbeid
- Samarbeide i team
- Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom
- God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning
- Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Godkjent politiattest må leverast før tilsetting
Søknadsfristen er 23. 11.25
Les meir om stillinga på Webcruiter Søk på stillinga