Ledig stilling som rådgjevar i sektor for læring og kultur

Alle born og unge skal ha trygge og gode oppvekstvilkår. Vil du vere med oss og legge til rette for dette i Hareid kommune?    
Bilete frå klasserom med 5 born som sit ved pultane sine og gjer oppgåver. - Klikk for stort bileteVi ønskjer oss ein kollega som har eit brennande engasjement for born og unge sine oppvekstvilkår! Hareid kommune    

Vi søkjer etter ein rådgjevar i staben som utgjer sektor for læring og kultur.

Sektoren har eit overordna ansvar for, i tråd med lovar og regelverk, å legge til rette for trygge og stimulerande oppvekstmiljø for alle brukargrupper som mottek tenester frå sektoren. Sektor for læring og kultur skal skape arenaer og miljø for utvikling, meistring og læring.

Som rådgjevar vil du få ein innhaldsrik arbeidskvardag med varierte, spennande og utfordrande plan- og prosjektoppgaver og du vil få ansvar for å bidra til refleksjon i tema som tverrfagleg arbeid, samhandling og koordinering.

Høyrest dette interessant ut, så oppfordrar vi deg til å søkje – eller tipse nokon du synes denne stillinga kan passe for!
Her kan du lese meir om stillinga og sende søknad

Har du ytterlegare spørsmål, kan du vende deg til kommunalsjef Anne-Lise Roald på mobil nr. 97705654 eller på e-post.