Løyve til kvotefri kalvejakt

Ytre søre har store bestander av hjort. Samstundes som dei utgjer ein viktig jaktressurs, skapar dei utfordringar i form av påkøyring av vilt og skader på jordbruksareal.

Hjortekalvar i skogslandskap - Klikk for stort bileteHjortekalvane i Hareid er ikkje trygge når årets hjortejakt startar. shutterstock.com  

Miljødirektoratet har denne hausten gjeve løyve til kvotefri jakt på hjortekalvar i Hareid, Ulstein og Herøy. Eit høgt uttak av kalv framfor eldre dyr vil kunne bidra til høgare gjennomsnittsalder og dermed minsking av bestanden.

Det er kommunene som vedtek kva hjortevald som får tildelt kvotefri jakt på hjortekalv for jaktåret 2022/23.

Les meir om ordninga og kva vald som har fått løyve her.