Matheo er ikkje gløymd av skulen

I etterkant av sommarkonserten til Hareid skule, har det vore mykje merksemd i sosiale medium om korleis skulen denne kvelden handterte minnet til eleven Matheo som døydde i november i fjor.

Ei einsleg raud rose mot svart bakgrunn. - Klikk for stort bilete Pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Matheo er ikkje gløymd, korkje av klassekameratane, lærarane eller leiinga på skulen. Han var heller ikkje gløymd under sommarkonserten. Vi saknar han kvar dag. Han var vår elev og dermed vår sorg – ei sorg vi arbeider med og markerer på vårt vis.

Vil vi derfor fortelje kva som blei gjort under sommarkonserten for å minnast Matheo og tankane bak innslaget. Det er vanskeleg å vurdere kva som er rett og galt i ein slik situasjon. Kanskje burde vi ha forklart innslaget på sjølve konserten, men vi tenkte at folk ville forstå. Dette kan ha vore ei feilvurdering. Det er ikkje noko som er rett eller feil i sorg, og det som er rett for nokon vil ikkje vere rett for andre.

Eg som rektor valde å legge hovudmarkeringa til samlinga på siste skuledag med elevar og tilsette. Dei vanskelege samtalane om dødsfallet har vi tatt fleire gonger med alle trinn, og naturleg nok mest med dei eldste som kjente Matheo best. På merkedagar knytt til Matheo og i samanhengar det har kome naturleg, har vi gjennomført markeringar saman med elevane.

Matheo var derfor inkludert under sommarkonserten til Hareid skule tysdag 21. juni. Sjølv om han ikkje var nemnd eksplisitt, var han sterkt til stades i innslaget til trinnet der han gjekk. Elevane sine ord og song var nøye vald til minne om klassekameraten.

Det overordna tema for konserten var «berekraftig utvikling». Dette trinnet la vekt på sosiale forhold i eit berekraftig samfunn, basert på det dei har erfart og lært gjennom dette dødsfallet.

Songen trinnet framførte var henta frå ein film heiter The greatest showman. Dette er ein musikal om ein showman som hadde eit teater med folk som var spesielle. Matheo var også ein showman, og ein vi måtte ta farvel med dette året. Til låta From now on, frå musikalen, laga elevane derfor følgande tekst:

 

«Berekraft er tema i dag,
Det kan du lære om i mange fag

Men høyr nøye etter no
For tinga vi skal fortelje
Er reelle

Berekraftig arbeid
handlar om
å ta vare på kvarandre

For val du tek
har ei betydning
for om dei rundt deg
har det bra

Frå no av
skal ikkje desse auga bli blenda
Frå no av

Du venta’kkje til i morga, du starta i kveld
i kveld
Gi eit løfte til deg sjølv
som ein flamme i hjarte

Frå no av
Frå no av……»

 

På siste skuledag torsdag 23. juni blei Matheo minna på samlinga for heile skulen med bilete og ord. Alle sjuandeklassingane plar å få ei rose som helsing når dei går ut av skulen. Det fekk også Matheo. Denne rosa tok klassen med ned til grava til Matheo for å minnast han der. Dette er berre nokre få døme på korleis vi har arbeida med å handtere tragedien og sorga og kva vi har gjort og kjem til å gjere for å minnast Matheo.

Hege, rektor