Mogleg brot på personvernet

  

Onsdag 9. juni oppstod det eit mogleg brot på personvernet for enkelte tilsette i kommunane på Søre Sunnmøre.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dette førte til at tilsette som logga på web-e-post nokolunde samstundes (innanfor 10 minutt) kunne oppleve at dei fekk opp e-posten til ein annan brukar.

Brotet gjeld berre interne brukarar med brukarkonto og e-postadresse hos SSIKT.

Informasjonen har ikkje vore tilgjengeleg for eksterne, og alle tilsette har teieplikt.

Brukarnamn og passord for tilsette er ikkje på avvegar.

- Vi vel likevel å informere innbyggjarane om dette, då vi tek personvern på stort alvor. E-postar skal ikkje innehalde sensitiv informasjon, men vi får sjølvsagt førespurnader på e-post som ikkje er meint for andre enn mottakar. Vi forsikrar om at vi tek dette på alvor og følgjer opp saka, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Saka er meldt til Datatilsynet.

Det er til saman 195 tilsette i dei sju kommunane som er råka av brotet, og dei det gjeld har vorte varsla om dette. Å vere råka av brotet vil ikkje seie at andre tilsette har fått tilgang på e-posten til andre, men at det er ein risiko for at det kan ha skjedd med enkelte av dei 195.