Møt hoppid.no, Brønnøysundregistera og Altinn
Er du i ferd med å starte di eiga verksemd, eller driv du allereie ei? Det er essensielt å vere oppdatert på gjeldande regelverk.
Hareid kommune
Gjennom hoppid.no arrangerer vi felles informasjonsmøte for gründerar og oppstartsbedrifter i Hareid og Ulstein. Denne dagen får vi besøk frå Brønnøysundregistera og Altinn som vil gi relevant informasjon til aktørar med oppstartsplanar eller i ei tidleg fase. Velkomen innom!
- Stad: Hareid, biblioteket
- Dato: 19.mars kl. 09:00 - 11:00
Program:
- Lokal gründerhjelp – ved hoppid.no
- Kort informasjon om hoppid.no, SIVA-systemet, ÅKP, Kulturnæringshagen i Volda, Vekst i Hareid, Ulstein Næringsforum
- Kva må du tenke på før og under oppstarten? – ved Brønnøysundregistra
- Kva opplever brukarane at det er vanskeleg å forstå?
- Kvifor er det viktig å planlegge godt?
- Verktøykassa for å starte og drive bedrift i Altinn, med guidar og rettleiarar
- Val av organisasjonsform – ved Brønnøysundregistra
- Litt om dei vanlegaste organisasjonsformene og korleis du registrerer
- Praktisk bruk av Altinn – ved Digitaliseringsdirektoratet
- Kva er det viktig å gjere når du skal drive bedrift – ved Brønnøysundregistra
- «Starte og drive bedrift» som digital verktøykasse i Altinn
- Rapporteringsplikter
- Skatt og avgift
- Bokføring og rekneskap
Publisert 06.03.2024 14:57
Sist endra 07.03.2024 12:26