Når kjem valresultatet frå stortingsvalet?

Ingenting blir offentleggjort før klokka 21 på valkvelden.

Valurne på eit bord - Klikk for stort bilete Valdirektoratet

Fram til då er det faktisk straffbart å røpe informasjon som kan peike på tendens i valet.

Klokka 21 blir resultatet av dei fleste førehandsrøystene offentleggjort. Desse er talte opp i løpet av valdagen. Mange mindre krinsar er også talte opp allereie då.

I tillegg har meiningsmålingsbyrå laga prognosar basert på valdagsmålingar og førebels resultat. Det vil derfor vere mogleg å seie noko om tendens med ganske stor tryggleik.

Etter kvart som krinsar over heile landet blir talt opp, blir resultatet sikrare og sikrare

Dei aller siste røystene blir fyrst talt opp tysdag 9. september etter klokka 17. Dette er alle førehandsrøystene frå veljarar som røysta siste veka før valet i annan kommune enn dei er busett i. I tillegg har kvar kommune lagt til sides minst 30 røystesetlar som skal teljast saman med desse. Det siste er for å sikre hemmeleg val.

Til saman blir det fleire titusen røyster som ikkje blir talte før dagen etter valet.

Er valet jamt, kan desse røystene vere avgjerande for kva veg valet vippar, og ha stor innverknad på kva parti som får inn utjamningsmandat frå dei enkelte valdistrikt.