Ordførar Bernt Brandal, kultuleiar Melinda Skeide og ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bø gler seg til å opne utlånssentral på Hareid. Utlånssentralen vil vere i kjellaren på rådhuset mot Bankplassen.
Erlend Friestad
Kulturleiar Melinda Skeide fortel at tilskotet er på 1.165.000 kroner fordelt på tre år, og dei har alt starta arbeidet med etablering av utlånssentralen. Tilskotet kjem frå frå Bufdir – Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
- Vi gler oss stort over dette, og er glade for å kunne tilby gratis utlån av ulike fritidsartiklar til hausten. Utlånssentralen legg til rette for at born og unge lettare kan delta på fritidsaktivitetar, og er viktig for å forebygge utanforskap, fortel einingsleiar Melinda Skeide.
Hareid kommune ønsker at alle born og unge skal bli inkludert på lik linje uavhengig av sosial og økonomisk situasjon, og utlånssentralen vil vere eit viktig bidrag til å nå dette målet.
- Dette er også eit av måla vi har jobba med gjennom Fritidserklæringa vi har signert ilag med fleire organisasjonar her på Hareid, fortel ho vidare.

Utlånssentralen vil også vere eit viktig bidrag til å nå fleire av FNs berekraftsmål:
- utrydde fattigdom
- god helse og livskvalitet
- mindre ulikskap
- berekraftige byar og lokalsamfunn
- ansvarleg forbruk og produksjon
- samarbeid for å nå måla
I starten vil utlånssentralen satse på friluftsutstyr som telt, fiskestenger, redningsvestar og liknande. Det vil også bli mogleg å låne skiutstyr når snøen kjem, og tilbodet vil bli utvida med meir utstyr etter kvart.
- Vi vil fortsette å søke om midlar til dette prosjektet både frå lokale og nasjonale ordningar, og tek imot alle bidrag med takk om nokon har lyst å vere med på laget, fortel ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe.
Utlånssentralen vil vere samlokalisert med ungdomsklubben i første etasje på rådhuset.
- Vi ser derfor føre oss eit samarbeid både med ungdomar og andre frivillige. Her er det berre å ta kontakt om nokon har lyst å bidra, oppmodar Bøe.
Også ordførar Bernt Brandal er glad for at dette prosjektet kjem i gang:
- Kulturgjengen er aktive og søkjer om midlar, og det gir resultat. Dei er alt i gang med å pønske ut gode løysingar for både innreiing og innkjøp av utstyr, så dette vil bli veldig bra!