No bør dei som er 75 år og eldre ta ny oppfriskingsdose

Alle som er 75 år eldre eller bur på sjukeheimen kan no bestille tid for sin fjerde vaksinedose.

Pexels.com  

Det melder Folkehelseinstituttet (FHI) i sitt informasjonsbrev.

For innbyggarar i Hareid betyr det at alle over 75 år no kan kontakte helsestasjonen for å få vaksinetidspunkt. Dei som bur på sjukeheim eller er knytt til heimetenestene treng ikkje bestille sjølv, men får tilbod gjennom tenestene.

Meldinga frå FHI kom onsdag, så vi har ikkje sett opp fleire vaksinasjonsdagar enno. Førebels er det berre 24. august som er vaksinasjonsdag i Hareid kommune.

I denne runden blir det ikkje sendt innkalling. Kva enkelt må sjølv ta kontakt for å time på telefon 46 83 47 85.

FHI skriv at gjennomgått omikroninfeksjon stimulerer immunforsvaret mindre enn tidlegare variantar. Rådet om å ta ein fjerde vaksinedose/oppfriskingsdose gjeld derfor uavhengig av om du nyleg har vore sjuk med covid-19, men du bør uansett vente minst tre veker frå du blei frisk av covid-19 til du får vaksinen.

Du må også vente minimum fire månadar frå du fekk førre vaksinedose.

Slik det ser ut no, rår FHI  ein fjerdedose til befolkninga mellom 65-74 år frå 1. september. For dei under 65 vil FHI vurdere behov for oppfriskingdose på eit seinare tidspunkt. Dersom situasjonen tilseier det, kan det også kome tilbod om nye oppfriskingsdosar i vinter til dei som får oppfriskingsdose i sommar.

Kvifor oppfriskingsdosar? FHI svarer på spørsmål i denne videoen: