No er det tid for å søke SFO-plass

15. april er fristen for å søke om plass i skulefritidsordninga i Hareid kommune.

barnehand som teiknar - Klikk for stort bilete Pexels.com

Det er SFO-tilbod ved alle dei kommunale barneskulane.

Du melder på barnet ditt via foreldreportalen i Vigilo (vigilo.no). Du loggar deg inn via ID-porten.

Plass i SFO gjeld frå barnet ditt får plass og ut 4. klasse, eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen. Du kan søkje om halv plass, 12 timar i veka,  eller heil plass, 24 timar i veka.

Dersom du søker om plass utanom årleg søknadsfrist, kan barnet likevel få plass dersom vi får det til å gå i hop praktisk og økonomisk.

Ferietilbod

Det er ferietilbod på SFO i sommarferie (veke 26-27 og 32-33) haustferie, juleferie, vinterferie, påskeferie. Du må særskild melde barnet på dette tilbodet. Du kan bruke barnet sine faste timar (12 eller 24 timar per veke), og elles kjøpe fleire timar etter behov. Ferietilbodet har bindande påmelding og krev minst 6 påmelde born dagleg. 

Alle elevar som er påmeldt SFO frå hausten 2024 kan nytte seg av ferietilbodet i veke 32 og 33.

Ferieopen SFO er eit kommunalt tilbod som er ope for alle elevane som har plass i SFO i Hareid kommune, og blir samla ved éi skule.

 Du kan melde barnet på ferie-SFO via vigilo.no.

SFO er stengd i veke 28, 29, 30 og 31. 

Meir informasjon om SFO i Hareid kommune finn du via denne lenka.