No får du brev frå helsestasjonen digitalt

Sjekk mobilen i staden for postkassa di viss du ventar på melding frå helsestasjonen. pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Tysdag 1. september tek helsestasjonane i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta i bruk digital post for sending av brev. Dette inneber at føresette og barn/ungdom over 16 år i dei fleste tilfelle ikkje lengre vil få timeinnkallingar og andre brev frå helsestasjonen, skulehelsetenesta eller svangerskapsomsorga tilsendt som ordinær brevpost.

Slik fungerer digital post

Dersom du er brukar av digital postkasse (Digipost eller eBoks) vil brev frå helsestasjonen leverast hit. Du vil få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit nytt brev.

Dersom du ikkje har digital postkasse vil brevet bli levert til Altinn. Du vil få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit brev i Altinn. Dersom du ikkje loggar deg på og opnar brevet innan 48 timar skrivast brevet ut og sendast deg via ordinær brevpost.

 

Har du endra mobilnummer eller e-post adresse? Då bør du oppdatere din kontaktinformasjon i kontakt- og reservasjonsregisteret slik at du får varsel om ny post frå det offentlege.

Digital post sparer miljøet store mengder papir, og reduserer dermed utslipp av CO2. I tillegg sparar det kommunane for portokostnadar, og du får viktig post frå det offentlege levert raskt, trygt og enkelt.  Har du ikkje digital postkasse? Då bør du vurdere å skaffe deg ein…