No kan du som pårørande avtale heimebesøk for dine gamle

helsenorge.no kan du også sjekke status for eigne helsetenester. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Viss du får fullmakt, kan du som pårørande få oversikt over helse- og omsorgstenestene som Hareid kommune gir til dei du er pårørande til. På helsenorge.no kan du sjå avtaler om heimebesøk og avbestille besøk, samt få varsel om utførte oppdrag via tekstmelding eller e-post. Meldingar frå innbyggar kjem då direkte inn i den elektronisk pasientjournalen, som for kommunane på Søre Sunnmøre er Gerica.

Sjå video av korleis dette kan fungere i praksis:

 

Om du ynskjer å ta i bruk denne kommunikasjonskanalen – gå inn på helsenorge.no og les meir om korleis dette fungerer. Det opp til brukar eller pårørande til brukar av heimetenestene å ta dette i bruk, framfor å bruke telefon, e-post og SMS.

På helsenorge.no får du også ei rekke andre tenester, som å sjekke kjernejournalen, byte fastlege, sjekke vaskiner og – aktuelt no – få svar på koronatesten.

Les meir på helsenorge.no.

Her får du informasjon om korleis du kan få fullmakt frå andre.