No kjem asfalten på fylkesvegen - rekn med kø

Frå no og fram til 14. juli vil fylket asfaltere fylkesvegen mellom Ulstein og Hareid.

Dronebilete over Hareidsdalen. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Arbeidet vil skje mellom klokka 20 og klokka 06 på morgonen. Det vil då vere ledebil forbi staden som blir asfaltert. Halvparten av tida vil det også vere to arbeidslag, eitt som fresar og eitt som asfalterer, slik at du som bilist kan risikere å hamne i to køar.

Ledebilen vil lede trafikken i om lag 1-1,5 kilometer kvar veg og du må derfor forvente å måtte stå i kø i opptil 10 minutt (per kø).

Arbeidet startar fyrst i Ulsteinvik sentrum 21. juni. Det vil så bevege seg mot rundkøyringa i Strandkrysset. Etter planen startar dei på hovudvegen frå Ulstein og mot Hareid 26. juni.

14. juli skal dei vere i mål i Hareid sentrum, om dei ikkje blir ferdige før.

De kan følgje med på vegmeldingane på Statens vegvesen sine sider.