No kjem gjestehamna – slik blir ho

Målet er å bli den føretrekte gjestehamna på søre Sunnmøre.

Bilete av monteringa av flytebrygga i gjestehamna. - Klikk for stort bileteArbeidet med å leggje ut bryggene har allereie starta. Målet er at heile anlegget skal vere klart i god tid før neste års båtsesong. Erlend Friestad

Hareid kommunestyre har løyvd midlar til etablering av ny gjestehamn i Hareid.  Dette var del av budsjettvedtaket for budsjettåret 2023.  Hareid kommunestyre har i tillegg vedtatt ein strategisk hamneplan for Hareid kommune.  I denne vart det  sett ned klare strategiar og målsettingar for hamnevesenet sitt arbeid i perioden 2023 – 2032.  Ei av delmålsettingane i planen er at Hareid skal verte den føretrekte gjestehamna på søre Sunnmøre.  Dette er ei spenstig målsetting og etablering av ny og attraktiv gjestehamn, vert difor ei sentral lekkje i arbeidet med å oppfylle målsettinga. 

Det er betre med godt gjort enn med godt sagt, seier ein svært kjent idrettsmann frå søre Sunnmøre.  Vi har difor lagt ned mykje arbeid i å planlegge gjestehamna vår, slik at dette skal bli godt gjort.  Og etter at anbodskonkurranse var ferdig, gjekk oppdraget til Marina Solutions AS frå Ørsta.

Gjestehamna vil bestå av tre pirar, som alle vert spente saman, slik at det heile blir ei trinnfri eining, med felles tilkomst via ein og same landgang.  I tillegg vert det lagt ut ei separat «øy» med eit servicebygg for gjestehamna.  Tilkomsten til «øya» blir ordna med ein kort landgang frå hovudpiren.  I sjølve servicebygget vil dei gjestande båtturistane ha tilgang til vaskerom og dusj-/ toalettfasilitetar.  Eller berre slappe av på takterrassen og nyte utsikta frå orkesterplass.   Det vert sjølvsagt straum- og vasspostar som båtane kan nytte. 

Vi har og førebudd ei eiga avdeling i servicebygget for fjordsauna m/omkledningsrom, dusj og toalett. Vi har freista å utforme anlegget så universelt som mogleg, men det er klart at eit bryggeanlegg som er utsett for varierande tidevatn, vanskeleg kan oppfylle alle krav til universell utforming til ei kvar tid.   Fjordsaunaen kan leigast av alle, ikkje berre dei som kjem med eigen båt.  Vi håpar at bygdefolk og besøkande generelt vil få glede av dette tilbodet. 

Utlegging av bryggene har allereie starta.  Når dette er unnagjort, startar sjølve husbygginga.  Vi reknar med at heile anlegget er klart til bruk seinast i løpet av januar / februar 2024, altså i god tid før båtsesongen i 2024 startar for alvor.

Løyvinga frå kommunestyret er på 10 millionar. Målet er at gjestehamna skal blir sjølvfinansierande på sikt.

Slik vil bryggeanlegget sjå ut frå oven når det er ferdig.