No kostar vi gatene!

Våren er komen og gatene skal kostast etter strøinga i vinter.

Bilete av feiebil - Klikk for stort bilete Pexels.com

Arbeidet er starta opp no og vil verte ferdigstilla til 17.mai.

Vi minner om å parkere godt ut av kommunal veg slik at kostebil får med seg alt.

På tørre dagar kan det bli noko støv under arbeidet. Det kan difor vere lurt å late att vindauge mot kommunal veg.