- No må vi halde oss heime

Regjeringa har lagt fram nye råd for å unngå spreiing av koronaviruset. Kriseleiinga i Hareid kommune har hatt møte. Les her kva vi har bestemt.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

- Mi melding til det norske folk er: Hald dykk mest mogleg heime. Ha minst mogleg sosial kontant med andre. Saman kan vi snu denne skumle utviklinga i smittetala. Det krev at vi alle er med på ein skikkeleg dugnad dei neste vekene, sa statsminister Erna Solberg då ho la fram dei nye tiltaka frå regjeringa torsdag 5. november.

Det er no ei kraftig auke i personar som testar positivt på. Det er derfor ikkje tid å vente på å sjå om tiltaka som blei innført førre veke verkar.

 

Vi vil få smitte

Vi må rekne med at Hareid kommune ikkje går «fri» slik vi har gjort til no, med få smitta totalt og ingen som er smitta medan dei har vore i kommunen. Prognosane for Hareid kommune om smittetala held fram som no, tyder på ein topp i desember. Ved å oppføre oss allereie no som om vi har masse smitte her, vil vi kunne utsette og redusere denne toppen i stor grad.

  • Ein lågare topp vil gi mindre sannsyn for at personar i risikogruppene får covid-19. Dei kan bli alvorleg sjuke.
  • Ein lågare topp vil gjere at vi kan halde skular og barnehagar opne i større grad
  • Ein lågare topp vil  gjere det lettare å halde verksemder opne
  • Ein lågare topp vil gjere det lettare å få folk heim til jul

Dette må vi gjere

Her er verkemidla som kan gjere at vi klarer måla ovanfor:

  • Vere flinke med dei vanlege smittevernreglane: Hald avstand, vask hendene og ver heime om du er sjuk.

I tillegg: 

  • Alle bør i størst mogleg grad halde seg heime
  • I private heimar, hagar eller hytter bør du ikkje ha meir enn fem gjestar i tillegg til husstandsmedlemmar. Dersom alle gjestane er frå same husstand, kan du har fleire enn fem på besøk. To familiar med mange barn kan likevel møtast.
  • Avgrensinga med fem gjestar, gjeld ikkje barnehage- eller skulekohortar.
  • Unge og vaksne som har vore saman med vener og i andre situasjonar der det ikkje har vore éin meters avstand, bør halde to meter avstand til personar i risikogruppene. (NYTT)
  • Unngå unødige reiser innanlands. Naudsynte arbeidsreiser og reiser til fritidseigeomar som kan gjerast utan å ha kontakt med andre er unnateke.
  • No er det ikkje tillate med private samankomster med fleire enn 20 personar. For arrangement er grensa 50 innandørs (utan fastmonterte stolar) og 200 dersom stolane er fastmonterte med naudsynt avstand. (NYTT, gjeld frå midnatt, natt til måndag)
  • Nasjonal skjenkestopp klokka 24. Serveringsstader med skjenkebevilling kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter klokka 22. (NYTT, gjeld frå midnatt, natt til laurdag)
  • Det er stramma inn for innreise frå raude land. Sjå denne lenka for detaljar.

Les meir om tiltaka på regjeringa si heimeside.

Slik jobbar kommunen

Det kjennes kanskje litt rart å halde avstand og unngå sosial kontakt når vi har så lite smitte. Problemet er at vi ikkje veit når vi får fyrste tilfelle i kommunen der vi ikkje veit smittekjelda og når vi får smitte som sirkulerer ute i befolkninga.

Regjeringa har lagt fram ei lang rekke forslag til kva tiltak som må settast inn i kommunar/regionar der smittepresset er høgt. Kriseleiinga i Hareid kommune hadde torsdag 5. november møte. Vi innførte i dette møtet ingen nye, lokale restriksjonar eller innstrammingar for innbyggarane våre. Vi har likevel skjerpa  inn korleis vi som kommune skal drive:

  • Rådhuset vil framleis vere stengt for publikum utan avtale. Vi oppmodar om at møte i størst mogleg grad blir halde digitalt (video eller telefon).
  • Dei som har avtale skal vente utandørs til dei blir henta av den dei har avtale med. Dersom du ikkje har fått kontaktinformasjon til den du skal møte, kan du finne det via denne lenka.
  • Møte er berre tillate om deltakarane kan halde to meters avstand. (Du blir rekna som nærkontakt om du er mindre enn to meter frå ein annan person i 15 minutt). Dette gjer at møteromma ikkje er egna for møte med fleire enn fire personar.
  • Fyrstkomande formannskapsmøte blir halde fysisk i kommunestyresalen. Der er det plass til å halde avstandsreglane. Vi vurderer fortløpande kva som skjer med dei andre folkevalde organa.
  • I dag kan tilsette nytte heimekontor i stor grad. Dei vil no bli informert om at dei må bu seg på at det kan bli innført obligatorisk heimekontor. Vi oppmodar andre verksemder å gjere det same
  • Kriseleiinga har igjen starta opp med faste møter kvar veke – og elles etter behov.

Dette kan bli konsekvensane

Sjølv om vi ikkje er der at vi må innføre dei sterkaste verkemidla no, er det verdt å minne kvarandre om kva konsekvensar som ventar om vi ikkje er flinke nok til å beskytte oss sjølve og andre mot smitte:

  • Stopp i breiddeidrett for vaksne
  • Stopp i barneidrett
  • Ytterlegare restriksjonar for skjenkestader
  • Ytterlegare avgrensingar for arrangementsstorleik
  • Obligatorisk heimekontor
  • Stenge eller avgrense bruk av svømmehallar, treningssentre, idrettshallar, bibliotek med meir.
  • Men mest alvorleg: Personar kan blir alvorleg sjuke og døy.

Les meir om tiltaka på regjeringa si heimeside.