Her kan du bestille time i fjordsaunaenSaunaen er open dagleg og vi håpar at den vil verte eit populært tilbod. Erlend Friestad Vi ynskjer å tilby eit produkt i den øvste kvalitetsklassen. Fasilitetane vil derfor verte inspiserte og reingjorde fleire gongar om dagen.Fjordsaunaen vert i år lansert med ein oppstartspris. Etter at vi har fått samla inn erfaringar frå bruksmønster og erfaringar frå besøkande, vil servicenivå, tilbod og pris verte tilpassa deretter.Ordensreglane for servicebygget og saunaen finn du oppslag på i saunaområdet og på www.hareidhamn.no (på engelsk – norsk versjon kjem snart).Du kan parkere gratis på parkeringsplassen nedanfor Melshorn hotell (sjå kart under). Alternativt kan du parkere på parkeringsplassar ved ferjeterminalen mot avgift. Sjå hapark.no for meir informasjon.Bestill time her Velkomen!Frå sjølve saunaen har du flott utsikt til hamnebassenget Erlend Friestad Gratis parkering nedanfor Melshorn hotell. Publisert 05.07.2024 16:10 Sist endra 24.11.2025 10:38