No opnar vi opp!

Noreg går no over i ein «normal kvardag med auka beredskap». Restriksjonar blir oppheva, men hald fram med god handhygiene.

Pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

- Smittetala søkk. Sjukehusinnleggingane har flata ut. Om få veker trur vi at store delar av befolkninga er fullvaksinert. Folkehelseinstituttet meiner at det er liten risiko for at epidemien kjem ut av kontroll og føre til stor sjukdomsbyrde eller truge kapasiteten til helsetenestene. Derfor kan vi gå tilbake til ein normal kvardag. Vi vil fjerne dei fleste smitteverntiltaka, sa statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Tidspunktet for oppheving av reglar og restriksjonar er sett til laurdag 25. september klokka 16.

- Sjølv om kvardagane blir normal for dei fleste, er ikkje pandemien over. Folk vil framleis blir sjuke og det er derfor viktig at alle vaksinerer seg. Vi har også auka beredskap og kan raskt setje inn tiltak om situasjonen tilseie det. Kommunane vil framleis ha ei viktig rolle i å reagere om utbrot fører til at kapasiteten i helsetenesta blir utfordra, sa statsministeren.

Den einaste regelen innanlands som blir ført vidare, er at personar som testar positivt på covid-19 må i isolasjon. I tillegg ønsker vi at du held fram med følgande:

  • Ha låg terskel for å teste deg om du får symptom på luftvegsinfeksjon. Dette rådet gjeld også vaksinerte.
  • Hald deg heime om du får symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Dersom du bur med ein smitta, anbefaler vi at du går i karantene og testar deg – sjølv om du ikkje får symptom.
  • Hugs framleis på hygieneråda:
    • Vask/sprit henda ofte
    • Host/nys i albogen/lommetørkle
  • Vi oppmodar arrangører/verksemder/butikkar/organisasjonar om å oppretthalde gode smitteverntiltak – som til dømes å tilby handsprit til kundar/deltakarar.

Elles:

  • Meteren gjeld ikkje lenger. Vi kan vere saman slik vi var før pandemien.
  • Det vil ikkje vere avgrensa kor mange som kan vere til stades på arrangement.
  • Trafikklysmodellen for skular og barnehagar blir vidareført. For tida er det grønt nivå i Hareid kommune.

Les meir på regjeringa sine heimesider.

Vi kjem til å oppdatere koronaportalen vår med dei nye råda så snart som råd.