No skal julelysa opp

Det betyr at Kjøpmannsgata vil bli stengd for gjennomkøyring i starten av neste veke.

Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteMarit Ulvestad og Frode Gaulen i uteseksjonen heng opp julelysa på rådhuset. Måndag vil dei starte i miljøgata som då blir stengd for gjennomkøyring. Erlend Friestad

Måndag 20. november vil uteseksjonen i Hareid kommune starte med å henge opp julelysa i Kjøpmannsgata. Til det arbeidet treng dei lift, og denne liften vil stå midt i vegen. 

Vegen vil då vere stengd for gjennomkøyring der liften er.

Det vil vere tilgang til alle eigedomar, men om du må køyre inn/ut Kjøpmannsgata via rundkøyringa ved kyrkja eller ved helsehuset, er avhengig av kor langt uteseksjonen har kome med arbeidet.

Dei vil starte ved kyrkjelydshuset og bevege seg mot helsehuset. Vi trur arbeidet vil ta eit par dagar.

Julelysa vil bli tende fredag 1. desember klokka 18 i samband med julegrantenninga. Det vil kome meir informasjon om dette arrangementet snart.

2. desember blir det julemarknad i Kjøpmannsgata.