No skal kommunestyret vedta kor mange flyktningar Hareid skal busetje i år

Plan for stiane i kommunen, busetting av flyktningar og skjenkeløyve til Polarstar er blant sakene som skal opp i kommunestyret 11. mai.

Bilete av mann som går ned frå Sneldelia. Det er vår. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Kommunestyret skal samlast til møte 11. mai klokka 18 i kommunestyresalen. Møtet er ope for publikum og blir også sendt direkte på kommunen sine nettsider og Facebook-side.

Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene. Heile saklista og fullstendige saksframlegg, kan de lese her.

I tillegg til dei politiske sakene, der kommunestyret skal fatte vedtak, skal dei få orienteringar om demensvenleg samfunn og folkehelse- og oppvektsprofil.

 

 

Plan friluftslivets ferdselsårar

Hareid kommune har eit unikt friluftsområde som nyttast aktivt av innbyggarane og tilreisande. Friluftsliv er viktig for innbyggarane i Hareid kommune med omsyn til helse, trivsel og identitet. Folkehelsekoordinator i Hareid kommune søkte og fekk i juni 2022 innvilga kr 50000,- i prosjektmidlar frå fylkeskommunen til Plan for friluftslivets ferdselsårer. Målet er å gjennomføre kartfesting av rutenett og utarbeide ein plan for friluftslivets ferdselsårer. Eining for plan-, byggesak og geodata i Hareid kommune har ikkje hatt kapasitet til å starte opp arbeidet, og det har difor lagt på vent. No er det oppretta eit samarbeid med Ulstein kommune der det kan utarbeidast ein felles plan for heile Hareidlandet. Det vil vere formålstenleg ettersom mange av ferdselsårene går på tvers av kommunegrensene. Det er avklart med fylkeskommunen at ein felles plan vil bli godkjent.

I denne saka skal kommunestyret vedta prosjektplanen.

 

Fastsetting av tilskot til dei folkevalde gruppene

Kvart kommunevalår skal kommunestyret bestemme kor mykje dei folkevalde gruppene skal få i tilskot dei neste fire åra. Tilskotet går til gruppene. Ei gruppe består av alle representantane til eit parti eller liste. Dei får per representant, i tillegg til eit beløp som blir delt likt mellom gruppene. Beløpet skal i hovudsak gå til å dekke opplæring av representantane og administrative kostnadar til gruppa.

Då formannskapet handsama saka, vedtok dei  å innstille på at kommunestyret aukar satsen til 60.000 kroner årleg.

I tillegg skal reglementet justerast noko for å tilpasse seg regelverket.

 

Skjenkeløyve for Polarstar

Polarstar Drift AS søkjer om skjenkeløyve for alkohol inne og ute på skipet. I søknaden opplyser Polarstar at driftskonseptet går ut på dagsturar i nærområdet, turistar frå cruiseskip og ulike turar langs Norskekysten med turistar.

 MS Polarstar har ikkje hatt skjenkeløyve tidlegare, så dette vil bli ein ny og annleis skjenkestad i kommunen. Talet på skjenkestadar har lagt nokolunde stabilt, per dags dato 5 stk. Kommunen har ikkje innført avgrensingar i talet på skjenkestadar i alkoholpolitisk handlingsplan, noko som er ein medviten politikk for å ikkje hindre etablering av nye gode konsept. Ved kvar einskild søknad skal det takast ei objektiv vurdering. 

Dei søkte skjenketidene både innandørs og ute er innanfor dei rammene som alkoholpolitisk handlingsplan set for alkoholhaldig drikk. Det er ikkje noko som tilseier at søkjar ikkje skal få skjenkeløyve innanfor kommunen si normale skjenketid.

Polarstar Drift AS ynskjer å ta vare på MS Polarstar gjennom bruk som igjen kan generere inntekter til vidare vern. Dei ser føre seg at skipet kan vere ei forlenga arm til Ishavsmuseet Aarvak i si formidling av polarhistorie og å nytte skipet til dagsturar i nærområdet, samt å gå ulike turar langs kysten med turistar. Eit skjenkeløyve vil gjer skipet meir attraktivt i så måte. Plasseringa ligg skjerma frå bustadområde. Naboar vil såleis ikkje verte forstyrra av ev. støy frå arrangement.

Det vil ikkje vere dagleg ope for skjenking, men for spesielle arrangement og seglas på fjorden. Eit skjenkeløyve innvilga av Hareid kommune vil gje MS Polarstar løyve til skjenking ved hamn i Hareid kommune og ute på fjordane. Ligg båten til hamn i ei anna kommune har dei ikkje løyve til å skjenke der, med mindre dei søkjer dei aktuelle kommunane om skjenkeløyve.

Etter ei samla vurdering av næringsomsyn, edruskapsomsyn og helse- og sosiale omsyn, rår kommunedirektøren til at det vert gitt skjenkeløyve innanfor kommunen si maksimaltid gitt i alkoholpolitisk handlingsplan.

Saka blei handsama av formannskapet som innstilte på at kommunestyret gir skjenkeløyve.

 

Busetting av flyktningar

Hareid kommune har blitt oppmoda om å busette til saman 90 flyktningar i 2023. I desember 2022 vedtok kommunestyret at Hareid kommune skulle starte opp med å busette 30 flyktningar. Totaltalet for 2023 skulle handsamast i annan sak. I denne saka blir totaltalet vedteke.

Flyktningarbeid er tverrsektorielt og fleire einingar i kommunen er involverte i arbeidet knytt til busetting av flyktningar. Det har difor vore sett av tid til eigne møter med aktuelle einingar/sektorar i samband med denne saksutgreiinga, for evaluering av busettingsarbeidet og tilbakemeldingar knytt til kapasitet i høve til eit auka tal på busette flyktningar i Hareid.

Alle kommunar må bidra i denne ekstraordinære situasjonen med krigen i Ukraina og store innkomstar av flyktningar og fordrivne til Noreg, Hareid kommune vil ta sin del av samfunnsansvaret. I 2022 busette Hareid kommune 61 flyktningar, dei fleste av desse kom frå Ukraina. Vedtaket om auka busetting som vart gjort i mars 2022 vart gjort fordi situasjonen krevde det, ikkje fordi det var ledig kapasitet i tenestene. 

Oppmodinga om å busette 90 flyktningar i 2023 har vorte vurdert av dei ulike einingane og sektorane. Det har vore vanskeleg å samle gode tal og prognosar knytt til kostnad ved auka busetting, særleg er dette knytt til barnehage/skule og helse. Det er fleire faktorar som ikkje kan vurderast fullt ut på førehand, til dømes kor mange av dei busette vil vere barn/unge og om nokon vil ha større helseutfordringar, som vil krevje meir kommunal oppfølging. Dette siste vil ein få kartlagt på førehand i grove trekk og det kan også søkast om ekstratilskot. 

Kommunedirektøren erfarer ei trøttheit i organisasjonen etter lang tid med ekstraordinær innsats. Samfunnsutfordringar med stadig fleire som treng hjelp og færre med kvalifisert bakgrunn til å kunne yte denne gjer det utfordrande å dekke tenestebehovet. Vi har gjort ei heilskapleg vurdering på korleis vi kan ivareta innbyggarane og dei tenestene vi forvaltar. Vi må også sjå saka om busetting i samanheng med at kommunen har etablert eit mottak med 44 plassar for einslege mindreårige,  då desse også treng fagressursar frå kommunen. Mottak for einslege mindreårige er også eit viktig bidrag inn mot den høge innkomsten av flyktningar til Noreg.

Etter ei total vurdering av alle aktuelle tenester i kommunen ser kommunedirektøren det ikkje som forsvarleg å skulle busette 90 flyktningar i 2023, tilrådd tal på busette for dette året er 60 flyktningar.

Formannskapet var einige i kommunedirektøren si tilråding og innstiller på at kommunestyret vedtek at taket på busette flyktningar blir 60.