No skal ungdomskulen henge opp teikningar av kjønnsorgan på do

Klikk for stort bileteKeerthan Sivapalan og Oline Bjørjesson Sørdal studerer ein av utgåvene av Doavisa som skal hengast opp på toalettene på ungdomsskulen. Det er Hareid sanitetslag som har gitt avisa til skulen. I bakgrunnen sit Gunhild Margrete Øvrelid og Astrid S Rise frå Saniteten. 

Klikk for stort bileteKjønnsorgan er like ulike som andleta våre. Det er éin av påminningane som Doavisa gir til ungdomsskuleelevane.  Det er vel litt vel drøytt!? Tenker du kanskje. Ja, det er ein veldig spissa tittel, men likevel korrekt (og den fekk deg i alle fall til å lese artikkelen).

Ungdom lurer på ein haug med spørsmål som ikkje alltid er så lett å spørje andre om:

Korleis ser eigentleg vanlege kjønnslepper ut? Kor stor er ein penis? Er det lov å sende bilete av tissen min til andre? Korleis kan eg seie nei til å ligge med ein fyr? Er eg eigentleg forelska? Er eg forelska i ein med same kjønn?

For å hjelpe ungdom med å finne svar på desse, og andre spørsmål, har Norske Kvinners Sanitetsforening utvikla «Doavisa». Målet er å gi ungdom god og rett informasjon om tema som ungdom meiner dei får altfor lite av.

Men Doavisa er mykje meir enn kropp, sex og samliv, har Doavisa har også utgåver som tar føre seg mellom anna grensesetting, mobbing, psykisk helse og sosial kontroll.

Doavisa skal, som namnet seier, hengast opp på alle toalettane . Då får elevane lese avisa i fred – utan å bli forstyrra av ertande eller nysgjerrige klassekameratar. Tysdag var Hareid sanitetslag på ungdomsskulen for å overrekke åtte utgåver av avisa. Kvar utgåve tar føre seg eit tema og planen er å henge opp ny utgåve ved jamne mellomrom.

Klikk for stort bileteRigmor Haddal fortalte at ho skulle ønske ho hadde hatt tilgang på ein doavis då ho var ung. - Då ville eg i det minste fått vite at eg ikkje var åleine om å tenke på desse temaa, sa ho då ho overrakte Doavisa til ungdomsskulen.  - Det er ikkje alltid den informasjonen ungdomane finn på nett, er det dei treng, sa Rigmor Haddal, frå Hareid sanitetslag då ho overrekte avisene til Keerthan Sivapalan og Oline Bjørjesson Sørdal, som representerte elevane på ungdomsskulen.


 

- Då eg gjekk på skulen var det litt seksualundervisning og vi fekk nokre kondomar og slikt. Vi heldt på å flire oss i hel og rødma, fortel Haddal.

Ho skulle ønske ei doavis hadde vore tilgjengeleg då ho var ung.

- Berre det å få vite at eg ikkje var åleine om å tenke på desse temaa, ville ha vore ei lette, seier ho.

Elevane syntes først konseptet høyrtest litt rart ut, men etter å ha fått studert eit par utgåver, trur dei avisene vil bli lesne.

- Det er veldig kreativt, seier Keerthan.

Rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol er veldig takksam for gåva frå saniteten – ikkje minst fordi den passar så godt inn i det arbeidet skulen allereie driv med.

- Dette går rett inn i det vi snakkar om i jente- og guttegruppene vi har på skulen – som tryggheit, kvar går grensene mine, kva kjensler er det eg har, seier ho.

(Og ja, avisa skal også henge på lærartoaletta. Så er dei budde på kva tema som elevane får servert.)

Klikk for stort bileteDet var Rigmor Haddal (med ryggen til) som overrakte Doavisa til ungdomsskulen. Bakerst rå venstre og med klokka sit Siv-Marit Røyset Kaldhol (rektor), Gunhild Margrete Øvrelid (Hareid sanitetslag), Astrid S. Rise (Saniteten), Wibekke Mork (ass. rektor) og Tine Helen Jessen (rådgivar).