No skal valstyret godkjenne listene

Valstyret skal ha møte måndag 22. mai. Då blir det også eit kort formannskapsmøte.

Oslo kommune/Sturlason

I valstyremøtet skal dei godkjenne eller avvise listene som har kome inn til kommunestyrevalet i Hareid kommune.

Dei skal også godkjenne kven som har lov til å ta imot røyster under førehandsrøystinga og på valdagen, i tillegg til å bestemme kvar og når det er mogleg å førehandsrøyste.

Vi sender møtet direkte frå klokka 12. Umiddelbart etter valstyremøte, vil formannskapet få ei orientering om utvikling av hamna på Hareid. Du ser møta på Facebook-sida til Hareid kommune, eller her i denne artikkelen.

Tid og stad for førehandsrøysting

Det er valstyret som vedtek tid og stad for førehandsrøystinga, men valansvarleg kjem med ei innstilling til møtet. Førehandsrøystinga startar formelt ikkje før 10. august, men allereie frå 1. juli er det mogleg å røyste. I dette tidsrommet legg valansvarleg opp til at veljarar kan røyste på rådhuset i opningstida (09-15).

Same tid og stad vil også gjelde for dei fyrste vekene i den formelle førehandsrøysteperioden. Frå nest siste veka før valet (frå 28. august) rår valansvarleg at opningstida blir flytta til 10-17 og i siste veka før valet (frå 4. september) til 10-18. Valansvarleg legg også opp til at det skal vere langope til klokka 20 torsdagane 31. august og 7. september.

For dei som ikkje kan kome seg til eit vallokale i førehandsrøysteperioden eller på valdagen, blir det moglegheit for heimerøysting. Her er det ikkje fast tidspunkt, men ein frist for å be om heimerøysting er 5. september klokka 12.

Same dag vil vi ha førehandsrøysting på Hadartun (ope for alle). Den vil vere i foajeen, men røystemottakarane vil også besøke avdelingane eller enkeltbebuarar ved behov.

 

Godkjenning av lister

Det kom inn sju lister til kommunevalet innan fristen. Fram til 12. mai hadde dei moglegheit til å rette på feil og manglar ved lista. Seks av listene stettar no alle krav til å få stille, valstyret må derfor godkjenne desse: Arbeidarpartiet, Fremskrittspartiet, Folkelista for Hareid kommune, Høgre, Industri og næringspartiet og Venstre.

Den siste lista, frå partiet Raudt, stettar ikkje minimumskravet om sju kandidatar. Dei leverte ei liste med åtte, men to har trekt seg, og dei har ikkje levert inn nye. Ergo har dei berre seks. Kravet om sju kandidatar er absolutt, så valstyret kan ikkje godkjenne denne lista. Her kan du få oversikt over alle listene og kven som er kandidatar. (PDF, 25 kB)

 

Formannskapsmøtet

Sidan formannskapet og valstyret er dei same personane, valde vi å køyre eit kort formannskapsmøte når dei fyrst var samla. I dette møtet vil dei folkevalde få ei orientering om arbeidet med den strategiske hamneplanen og reiseliv.