No skjer det på Plassane!

Fyrste gravemaskintak er gjort, og om berre litt over eitt år er utsiktstomtene klare for å byggast på.

Gravemaskin som klargjer plass til anleggsrigg. - Klikk for stort bileteEntreprenør Aurvold og Furesund held på å klargjere anleggsveg og -rigg. Då slepp tungtrafikken å køyre gjennom byggefelt og forbi barnehage. Sjølve byggefeltet vil bli på tomtene i bakkant av gravemaskina og nesten opp til høgdebassenget. Erlend Friestad

Plassane-feltet vil bestå av 41 einebustadtomter til sjølvbyggarar. I tillegg er det fire tomter for konsentrert utbygging, til dømes to- og firemannsbustadar, som kan vere aktuelle for utbyggarar.

Ordførar Bernt Brandal fekk ta dei symbolske gravetaka, sjølv om entreprenør Aurvold og Furesund hadde starta på anlegget allereie.

Fyrst på programmet er å lage anleggsveg frå fylkesvegen og opp til Plassane. Det gjer vi for at tungtrafikken ikkje må gjennom bustadfelta eller forbi barnehagen. På marka nedanfor der feltet skal byggast blir det også brakker og lager for utstyret.

Når dette er klart startar entreprenøren med sjølve infrastrukturen til byggefeltet. Feltet vil strekke seg frå Plassane-vegen og nesten opp til høgdebassenget i lia ovanfor. Det vil vere tilkomst til feltet både frå Plassane og frå Melshornvegen.

Feltet skal stå klart til å bygge bustadar på juni i 2025.

Hareid kommune jobbar no med retningslinjer for sal av tomtene. Vi vil kome tilbake til korleis vi organisere dette ganske raskt. Du kan allereie no melde di interesse ved å sende e-post til Aina Giskeødegård Balsnes. Då vil vi halde deg oppdatert på arbeidet med feltet, salsprosessen og anna informasjon som kan vere relevant.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane