No startar bygginga av påbygg på kyrkjelydshuset

Fyrste fase er å leggje om vegen inn til Rådhusplassen.

Erlend Friestad   

 Før tomta klargjerast for byggestart, lagast ny veg mellom kyrkjelydshuset og rådhuset. Her vil det og kome fleire parkeringsplassar inntil nybygget. Alt blir universelt tilpassa.

Det er Bucci Arkitektur og Design som har hatt ansvaret for design og prosjektering av kyrkjekontoret

Hareid kommune er byggherre for prosjektet saman med soknet. HS Rise Bygg er hovudentreprenør medan Brekke&Kleppe, Hareid Group, Egset ventilasjon og Svein Roppen AS er underentreprenørar.

Resultatet av dette byggeprosjektet kjem etter tett samhandling mellom eigedomsavdelinga i Hareid kommune v/prosjektleiar Per Erik Strandkleiv og Paul Arne Ulstein, og soknet si byggenemd beståande av Leidulv Hareide, Torgeir Ringstad, Aina Giskeødegård Balsnes, Stein Karstensen (soknerådet) og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog. Dei tre førstnemnde i byggenemnda bidreg på frivillig basis.

Sjølv om Hareid sokn er eige rettssubjekt, er kommunane forplikta til å finansiere Den norske kyrkja lokalt. I dag leiger soknet kontor og utbygginga blir delvis finansiert ved at dei flytter inn i eigne kontor.

Total ramme for byggeprosjektet er på om lag 10,5 mill. I tillegg kjem omlegging av vegen som er eit eige prosjekt. Planen er at prosjektet skal vere ferdig innan oktober 2022.