No startar Stikk UT Vinter

15. desember kan du ta laus med ny vintersesong for Stikk UT. Vi håper de er klare for nye turar.

For fyrste gong er Rotary-stien inkludert i Stikk UT. Det er lagt opp som fottur, men kanskje vi er heldige og kan gå på ski også? Erlend Friestad

Her på Hareid er det fem vinterturar denne sesongen:

  • Alskleiva (ny) - fottur
  • Gamleåsen - fottur
  • Kvitneset - fottur
  • Rotarystien (ny) - fottur
  • Skafjellet – skitur utanfor preparerte løyper

Totalt kan de velje mellom 159 skiturar og 233 fotturar i heile Møre og Romsdal, og i tillegg Heim i Trøndelag og Bjorli i Innlandet.

Større satsing og kilometervis med løyper

– Mange dyktige frivillege har gjort ein fantastisk jobb med å legge til rette for at nettopp du kan kome deg ut på tur. Dei har hengt opp Stikk UT!-skilt, kodeklistremerke og laga turomtalar som kan inspirere deg til å kome deg ut på tur, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd.

Premiar for Stikk UT Sammen

Stikk UT Sammen er eit konsept for å få endå fleire på tur saman. Å førebygge einsemd og fremje turglede er ein viktig bodskap for Stikk UT Sammen. 
– For fyrste gong har vi eit enkelt konsept både i app, på stikkut.no og brosjyre som alle kan ta i bruk. Delta ved å gå fem turar saman med en turvenn og meld deg på månadlege trekkingar av turpremiar med Stikk UT!-logo, oppfordrar friluftsråda.

På tur vinterstid

– Å komme seg ut om vinteren er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og komme seg ut døra, seier Ellingsæter. 
Friluftsråda og skikretsen har også gode tips som du kan følge. Kle deg etter vêret, ta med ein liten sekk med varm drikke, ei ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hovudlykt og eit par broddar for dei som går på beina. Sjekk turomtalen og vêrmelding. Då er du godt førebudd til fine turopplevingar.
- Vi heiar på kvardagsaktiviteten. For kvart steg vi tek så vil kropp og sjel merke ein positiv effekt. Stikk UT Bedrift er eit godt tiltak for å motivere kollegaer til å vere aktiv i vintersesongen og det ser ut som fleire bedrifter enn nokon gong har meldt seg på denne vintersesongen, seier Ellingsæter, og oppfordrar endå fleire bedrifter til å motivere tilsette gjennom dette

Stikk UT Ski 

– Dei som køyrer trakkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg. Status på trakka skiløyper ser ein i Stikk UT-appen der løyper.net er integrert, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets. 
Blant dei 159 ski-turmåla er dei fleste er med oppkøyrde spor, men nokre turmål er også lagt utanfor løypenettet. Dette er turar som eignar seg best med fjellski eller randoneeski.

Stikk UT Vinter varer heilt fram til 15. april. 
(NB: Skafjellet er sett opp som skitur, men det er sjølvsagt heilt lov å registrere den om du går opp utan ski).

 God tur!