No startar straks bygginga av bustadane for vanskelegstilte

Hareid kommune har kjøpt 18 bustadar for vanskelegstilte på Brekkane.

Sjå biletetekst - Klikk for stort bileteHer, heilt vest i Brekkane-feltet, mot hovudvegen, skal bustadane for vanskelegstilte byggast. Bygningane i bakgrunnen skal rivast. På biletet frå venstre: kommunalsjef i Hareid kommune Kai-Rune Bjørke; dagleg leiar i Blink Hus Søre Sunnmøre, Terje Giskeødegård Balsnes; styreleiar i Blink Hus Søre Sunnmøre, Kristoffer Kvammen; ordførar Bernt Brandal og einingsleiar for kommunalteknikk i Hareid kommune, Ruben Kenneth Brandal. Erlend Friestad Dei nemnde personane sit ved bordet på ordførar kontoret og signerer. - Klikk for stort bileteOrdførar Bernt Brandal og styreleiar i Blink Hus Søre Sunnmøre underteikner kontraktene for kjøp av dei 18 bustadane for vanskelegstilte. Erlend Friestad

- Vi har eit enormt press på utleiegebustadar i kommunen, og vi har ikkje nok. Det gjer at vi ikkje kan busette flyktningar eller andre innbyggarar. No får vil tilgang på bustadar som løyser denne viktige utfordringa, seier ordførar Bernt Brandal.

Kommunestyret har vedteke at Hareid kommune skal ta imot opptil 90 flyktningar i år. Det er budsjettert med busettingstilskot til desse. I møtet sitt 15. februar vedtok kommunestyret å kjøpe 18 bustadar frå Blink Hus Søre Sunnmøre for å løyse busettingsutfordringa. 

SJÅ SENDINGA FRÅ MØTET: Saka startar om lag 2:01:00 ut i sendinga

 

Passar kommunen sitt behov

Onsdag 21. februar blei kontrakten mellom Hareid kommune og Blink Hus signert. Til stades for Hareid kommune var forutan ordføraren, kommunalsjef Kai-Rune Bjørke og einingsleiar for kommunalteknikk Ruben Kenneth Brandal. Frå Blink Hus stilte teknisk sjef Kristoffer Kvammen og dagleg leiar Terje Giskeødegård Balsnes.

Valet falt på prosjektet fordi det passa behova til kommunen. Bustadane har rett storleik ligg sentrumsnært til, med kort veg til skule, barnehage, idrettsanlegg og sentrum. Det er også kort veg for heimetenestene for å hjelpe dei som får tenester herfrå. I fyrste omgang blir dei brukt til å busetje flyktningar. Etter kvart vil også bustadane kunne brukast av eldre eller personar som har utfordringar med å kome seg inn på bustadmarknaden.

 

Tilskot frå Husbanken

Totalkostnaden for prosjektet blir 60 millionar kroner, inkludert i dette er dei 18 bustadane og midlar til innkjøp av mellom anna inventar. Husa skal stå ferdig i 2024 og bygginga startar i næraste framtid.

Ei utløysande årsak for prosjektet var at Husbanken har løyvd 11,4 millionar.

 

Bygginga startar snart

Brekkane-feltet strekk seg frå hovudvegen i sørvest til Drammensvegen i nordaust. Desse fyrste bustadane i feltet ligg i den delen av feltet som vender mot fylkesvegen.

- For oss som utbyggar er, gjer dette at vi endeleg får sjansen til å realisere eit byggefelt som møter eit behov som har vore i mange år: byggeklare tomter nær sentrum, seier dagleg leiar i Blink Hus Søre Sunnmøre, Terje Giskeødegård Balsnes.

 

- Treng ikkje anbod

Då saka var oppe til politisk handsaming, i budsjettmøtet, stilte fleire folkevalde spørsmål ved om dette burde vore ei anbodskonkurranse. Spørsmåla har mellom anna dreidd seg om det er krav til anbodskonkurranse på slike kjøp. Dette spørsmålet er avklara, og enkelt forklart, så kan Hareid kommune kjøpe ferdige bustadar (eller bustadar som er ferdig prosjekterte) utan å gå om anbod. Les meir om dette temaet i dette brevet frå KS-advokatane.

 

Utbyggingsavtale

Ein del av kontraktsmøtet på onsdag gjaldt også utbyggingsavtalen for feltet. Det er ein avtale som regulerer korleis infrastrukturen i feltet skal vere, og kva standardar han skal følgje før kommunen skal overta infrastukturen frå utbyggar.