No startar vi opp med nyheitsbrev igjen!

Vi har funne ein leverandør som stettar dei europeiske personvernkrava.

Bilete av kvinne som sit foran laptopen med ein kaffikopp. - Klikk for stort bilete PExels.com/Ivan Samkov

Nyheitsbrevet til Hareid kommune har vore ein suksess. Over 700 personar har aktivt meldt seg på – og det i ein kommune med berre 5000 innbyggarar. Vi ser også at mange opnar breva og les det vi skriv i dei. Då det blei stilt personvernspørsmål ved tilbydaren vår, valde vi å pause utsendinga fram til vi visste meir. I denne pausen har fleire spurt etter nyheitsbreva og sagt at dei vonar dei kjem tilbake.

No er dei her!

Ved sidan av Facebook-sida vår, har nyheitsbreva vore den viktigaste kanalen. Vi når mange og vi når mange med ein gong. Vi kan også sjølv bestemme kva vi meiner er viktig, i motsetnad til på Facebook der algoritmane deira bestemmer kva følgjarane våre får sjå i feeden. (Vi vil sjølvsagt dele fest og marsipankake i nyheitsbreva, men vi meiner at de bør få litt grovbrød og dybde også for å få eit balansert kosthald. Det siste er ikkje Facebook så glad i.)

Trykk her for å melde deg på 

 

Personvern

Personvernspørsmål var grunnen til at vi pausa nyheitsbreva sjølv om vi berre ber om e-postadressa di. Vi skal ikkje «selje» deg noko, så kven du er og kva du er interessert i, er ikkje noko vi treng å vite. Det andre som blir lagra er om du opnar nyheitsbreva og om du klikkar deg vidare inn på nettsida. Du deler derfor lite informasjon med oss. Likevel er det viktig at vi følgjer dei strenge krava til EU når det kjem til personvern.

Den førre tilbydaren vi nytta, Mailchimp, held til i USA. Her er personvern-reglane litt «slappare». Det betyr ikkje at e-postadressa di er på avvege, langt i frå. All data har vore lagra trygt. Utfordringa i USA er at amerikansk lovverk gir myndigheitene der borte større rettar til å få utlevert elektronisk informasjon. Vi som norsk verksemd må derfor vere veldig forsiktige med å sende over personopplysningar «over dammen». NRK har brukt same leverandør. Dei gjorde ein juridisk vurdering som konkluderte med at bruken deira av Mailchimp var i gråsona. Dei la derfor ned nyheitsbreva sine. Då vi blei kjend med den vurderinga, pausa vi også nyheitsbreva våre. Vi har no sletta all informasjonen som er lagra på amerikanske serverar.

 

Melde deg av?

Ein annan viktig personvernregel er samtykke. Alle abonnentane våre har samtykka til å få nyheitsbreva ved å leggje inn e-postadressa si. Vi vil også at det skal vere like enkelt å melde seg av nyheitsbrevet. Kanskje du syntest det var godt med pause? Kanskje du melde deg på med ein feil? Då er det berre å gå nedst i eit av (dei nye) nyheitsbreva og finne avmeldingsknappen. No hard feelings!

Vår nye leverandør, Mailmojo, har serverane sine i Noreg og stettar derfor alle krav i GDPR-regelverket. Vi har tatt med oss abonnementslista – det vil seie e-postadressene – som vi hadde lagra hos Mailchimp, og putta dei inn i Mailmojo sitt system. Dersom du ikkje ønsker at Mailmojo – og vi – har e-postadressa di, kan du melde deg av i nyheitsbrevet. Knappen ligg som sagt nedst i alle nyheitsbrev.