Trykk her for å melde deg på
Nyheitsbrevet til Hareid kommune har vore ein suksess. Nesten 1000 personar har aktivt meldt seg på – og det i ein kommune med berre 5300 innbyggarar. Over 60 prosent av dei som får nyheitsbreva våre, opnar og les - så det er tydeleg at dette er eit tilbod som har verdi for mottakarane.
For å gjere oss mindre avhengige av Facebook sine uransakelege algoritmar, har vi vald å prioritere nyheitsbrevet som kanal. Vi slepp derfor nyheitene her først. (Er det akutte ting, legg vi sjølvsagt ut informasjonen så raskt som råd i alle relevante kanalar.)
Ein normal månad sender vi ut nyheitsbrev tre-fire gonger i månaden.
Trykk her for å melde deg på
Personvern
Det einaste du deler med oss e-postadressa di. Vi skal ikkje «selje» deg noko, så kven du er og kva du er interessert i, er ikkje noko vi treng å vite. Det andre som blir lagra er om du opnar nyheitsbreva og om du klikkar deg vidare inn på nettsida. Du deler derfor lite informasjon med oss. Likevel er det viktig at vi følgjer dei strenge krava til EU når det kjem til personvern.
Ein viktig personvernregel er samtykke. Alle abonnentane våre har samtykka til å få nyheitsbreva ved å leggje inn e-postadressa si. Vi vil også at det skal vere like enkelt å melde seg av nyheitsbrevet. Kanskje du syntest det var godt med pause? Kanskje du melde deg på med ein feil? Då er det berre å gå nedst i eit av nyheitsbreva og finne avmeldingsknappen.
Vår leverandør, Mailmojo, har serverane sine i Noreg og stettar derfor alle krav i GDPR-regelverket.
Vi har også lagt inn ein oppryddingsrutine som gjer at abonnentar som ikkje opnar nyheitsbreva på eit halvt år, vil bli sletta.