Grundig handvask er ein av dei beste verkemidlane mot noro-smitte.
Pexels.com
Vi må derfor sette inn tiltak for å ha kontroll på smitta. Vi oppmodar derfor pårørande og besøkande om å ta kontakt med eininga før dei kjem på besøk. Alle pårørande vil også bli kontakta slik dei får informasjon om sine.
Vanlege aktivitetar vil bli endra medan dette blir handtert.
Skjerma eining vil vere stengd nokre dagar til
Kva er norovirus?
Norovirus er den vanlegaste årsaka til omgangssjuke.
- Varer normalt 1–3 dagar for friske personar
- Kan gi alvorlegare og meir langvarig sjukdom hos eldre og dei med svekka immunforsvar
- Svært smittsomt – berre nokre få viruspartiklar er nok
- Toler både varme, kulde og alkoholbasert handsprit
- Overlever lenge på overflater
Slike utbrot er krevjande både for dei som blir sjuke, og for kommunen – mellom anna gjennom auka kostnader til overtid, vikarar og reinhald.
Har du spørsmål?
- Bu og habiliterng Reina: 475 19 029
- Bu og habilitering Hjellebakken: 902 27 903
- Sjukeheimen: 909 64 007
- Heimesjukepleia: 915 66 734
Takk for forståinga og for at alle bidreg til å hindre ny smitte!