Ny ordning for matombering

Bu- og habiliteringstenesta har teke over ansvaret for matomberinga i Hareid kommune.

illustrasjonsfoto kniv og gaffel - Klikk for stort bilete Pexels

Hareid kommune har endra tenesta for matombering frå januar 2025. Frå då har bu og habiliteringstenesta tatt over ansvaret. Dette blei avgjort i samråd med kjøkenet, heimetenesta og kommunalsjef.  Dette ei ny oppgåve for eininga, og dei er i gang med å lære seg køyrerutene for dei som skal få mat og alle behov dette fører til.  

Dette har dessverre ført til  forsinka utlevering av middag enkelte dagar. Vi ber om orsaking for dette, og håpar dykk kan ha litt tolmod no i innkøyringsfasa. Målet er at alle skal få levert middagen sin til rett tid, og på rett måte.  

Kvar enkelt som har matombering er ansvarleg for god tilkomst til bustad, mellom anna du sjølv ansvarleg for at det blir måka snø.  

Kjøkenet har tidlegare innfridd mange ønsker. Dette må vi endre. Frå no gjeld fylgjande:

  • Det vert berre høve til å bestille normal porsjon (ikkje liten eller stor porsjon).
  • Det vert berre teke omsyn til ulike diettar eller allergiar. Om du ikkje ønsker det som vert servert den dagen du har middag må du avbestille middagen.

Vi vil også minne om at dersom middagen skal avbestillast så må dette skje innan klokka 12 dagen før, elles vert du fakturert for middagen.