Ny Stikk ut-tur: Hovdenakken frå Halsen

Dette er ein tur som passar både som familietur og rask trimtur.

Bilete frå toppen av Hovdenakken mot Hareid - Klikk for stort bileteDet er god utsikt mot Hareid frå toppen av Hovdenakken. Snur du deg 180 grader rundt, ser du havet. Erlend Friestad

Det var sjølvaste ordførar Bernt Brandal som tipsa om at vi bør ha med Hovdenakken som Stikk ut-tur, og det er vi heilt einige i! Dette er ein fin tur som passar til mange formål, ikkje minst som familietur eller ein rask trimtur. Turen går i ope lende med god sti og utsynet er flott.

Turen startar ved parkeringsplassen ved Hammarstøylvatnet og går fyrst over Ramnefjellet før du når Hovdenakken. Lengda er 4,65 kilometer tur/retur og tek om lag 1,5 timar.

Her kan du lese meir om turen.

Sommarsesongen i Stikk ut startar 1. mai, medan vintersesongen varer til 15. april

I år har vi fire nye Stikk ut-turar i Hareid kommune. Følg med på nettsida, Facebook og nyheitsbrev for å få med deg alle.