Ny Stikk ut-tur: Nessetelva

Dette er årets kortaste tur, men bruk då tida på å nyte turmålet.

snipsøyrvatnet sett frå nessetelva - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Her er så fint for utforsking og uteleik med elv, strand, skog og bålplass, eller kanskje vil du berre sitte for deg sjølv og nyte naturen, lyden frå elva og høyre på nydeleg fuglesong?

Vi har vald å ha med eit så kort turmål slik at deltaking i Stikk ut skal vere tilgjengeleg for flest mogleg. Her er det tilrettelagt sti og mogleg å kome eit godt stykke, også med rullestol.

Les meir om turen her.

Sommarsesongen i Stikk ut startar 1. mai, medan vintersesongen varer til 15. april

I år har vi fire nye Stikk ut-turar i Hareid kommune. Følg med på nettsida, Facebook og nyheitsbrev for å få med deg alle.