Ny Stikk ut-tur: Rotarystien

Vi høyrer på ønsket frå folket og inkluderer Rotarystien i årets Stikk ut-sesong!

Gapahuken ved kaldholdemninga - Klikk for stort bilete Privat

Dette er ein veldig fin og godt kjend turveg som er lett tilgjengeleg. Langs stien er det fleire trimapparat, gapahukar og leikeplassar. 

Rotarystien er ein flott lågterskeltur i nydeleg naturlandskap. Du kan starte frå begge endar, men vi råd deg til å starte ved bilvegen nær Kaldholelva for der er det god parkeringsplass. 

OBS: Hugs at stien går langs eit naturreservat så det er viktig å halde seg på stien og ta omsyn til dyre- og fugleliv.

Her kan du lese meir om turen.

Sommarsesongen i Stikk ut startar 1. mai, medan vintersesongen varer til 15. april

I år har vi fire nye Stikk ut-turar i Hareid kommune. Følg med på nettsida, Facebook og nyheitsbrev for å få med deg alle.