Ny vikarlege på legesenteret skryt av naturen her

Chrisandra Alise Røstad Corneliussen skal vere vikarlege ut året på Hareid legesenter.

Portrett - Klikk for stort bilete Kari-Janne Ljones Kulø

Ho er 28 år og kjem frå Lillesand. Tidlegare har ho arbeida på indremedisinsk avdeling på Sørlandet sjukehus. Vikariatet hennar er i fyrste omgang ut året.

Ho fortel at ho har fått ein god start med to flotte helgar no, med nydeleg vêr.

- Det varmar ein sørlending, seier Chisandra som er gift med Marius.

Han er lærar og jobbar litt som vikar på Hareid ungdomsskule.

Saman har dei fått sett seg litt rundt i området og skryt av naturen og dei flotte fjella som dei ikkje har på Sørlandet.