Nye søknadsskjema gir svar på minuttet

Måndag 14. desember vert det fyrste elektroniske skjemaet lansert der du som kunde får automatisk vedtak. Det er eit framsteg for den som søkjer. I tillegg vert arbeidet i kommunen effektivisert.

Polina/pexels.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Kva skjema gjeld dette i første omgang?

Det fyrste skjemaet vi har fått automatisert er ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkeltarrangement. Grunnen til at dette skjemaet vart det fyrste, er at lovverket og alkoholpolitisk plan er tydelege på kva ein kan gi løyve til.

På grunn av koronasituasjonen vil nok skjemaet ikkje verte så mykje brukt, men ligg klar til bruk når det er lov å halde arrangement igjen.

Kva betyr det for deg som skal søkje?

To skjema vert no bytta ut til eit skjema. Er du usikker på om ting er søknadspliktig eller kva du skal velje av løyvetype, skal dette no kome klart fram i skjemaet.

Det er lagt inn ein del kriterium som gjer at søkjar kan få automatisk tildelt løyve. Det vil sei at du kort tid etter at søknaden er sendt inn vil få vedtak om løyve uansett kva tid på døgnet du søkjer.

Er det forhold som ikkje er oppfylt eller som ligg utanfor det som er bestemt i lovverk og alkoholpolitisk plan, vil saka gå til manuell handsaming. Sakshandsaming skjer då som tidlegare. Det vil seie at det vil ta litt tid før du får svar.