Nytt fjes og ny stemme hos Hareid kommune

Dersom du ringer sentralbordet eller kjem til rådhuset etter nyttår, er det stort sannsyn for at du vil møte vår nytilsette Helen Eiken.

Portrettfoto av Helen Eiken - Klikk for stort bilete Privat

Helen Eiken har fått tilbod om og takka ja til jobben som konsulent på servicetorg og politisk sekretariat i Hareid kommune. Her skal ho mellom anna handtere sentralbord og ta imot innbyggarar som kjem til rådhuset.

Vi er glade for å få Helen med på laget og gler oss til å samarbeide med henne. Ho seier sjølv at ho gler seg veldig til å jobbe for Hareid kommune og bli kjent med både kollegaer og innbyggarar. Vi ynskjer henne lukke til med den nye jobben!

Helen er frå Ulsteinvik og bur der. Ho har utdanning innan språk, marknadsføring og leiing. Ho har tidlegare arbeidd mange år innan kommunikasjon og marknadsføring. Dei siste åra har ho jobba innan HR, arkiv og økonomi i Ulstein kommune. Ho er glad i å synge, og er for tida med i eit prosjektkor på Hareid.

Som konsulent på servicetorg og politisk sekretariat vil Helen ha mange varierte og spennande arbeidsoppgåver. Servicetorget og politisk sekretariat er på mange måtar navet i Hareid kommune. Her har vi direktekontakt med både innbyggarane og dei folkevalde. Vi handterer sentralbord, arkiv, innbyggardialog, gir støtte til dei folkevalde, er sekretærar i dei folkevalde møta, sakshandsamarar og har fagansvar for mellom anna kommunikasjon og digitalisering.

Helen tek over stillinga etter Anne-Karete Mork som går av med pensjon til nyttår. Vi takkar Anne-Karete for hennar innsats og ønsker ho alt godt i pensjonisttilværet.