Nytt reglement for sal av budstadtomter – og snart kjem Plassane for sal

Hareid kommune har vedteke eit nytt og forenkla reglement for sal av bustadtomter, som erstattar det gamle frå 2012. Det nye reglementet skal gjere prosessen meir oversiktleg og føreseieleg for kjøparar, og legg til rette for effektiv bustadbygging i kommunen.

utsiktsbilete frå Plassane - Klikk for stort bileteSnart kjem bustadfeltet på Plassane ut for sal. Erlend Friestad

Det nye reglementet kan du finne her. (PDF, 115 kB)

Etter det nye reglementet, vil kommunale bustadtomter bli selde til fastpris, basert på sjølvkostprinsippet, og vert tildelt etter offentleg utlysing. Ved fleire søkarar på same tomt, vert det gjennomført loddtrekning. Dersom tomta ikkje vert seld ved første utlysing, gjeld prinsippet om førstemann til mølla.

For å sikre framdrift i bustadbygginga, må kjøpar sende inn komplett byggesøknad innan to år – elles kan kommunen kjøpe tomta tilbake til same pris.

Snart kjem dei nye bustadtomtene på Plassane ut for sal, og sal av tomtene vil skje i tråd med det nye reglementet. Plassane er eit attraktivt bustadfelt med:

  • flott utsikt og gode solforhold
  • moderne leikeplassar og trygge uteområde for barn
  • nærleik til sentrum, og kort veg til skule, barnehage og butikkar

Prisliste for bustadtomtene på Plassane kjem snart. Hold deg oppdatert om Plassane bustadfelt ved å klikke her: Plassane