OBS - forlenga søknadsfrist: Fleire kan få bustøtte i vinter

Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med låg inntekt kan få bustøtte i vinter.

Pexels.com  

Oppdatering 24 februar: Fristen for å søkje støtte er forlenga til 1. april.

Regjeringa og SV har avtalt å styrke bustønaden slik at fleire med låg inntekt og høge buutgifter kan få bustøtte til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Mellombelse utrekningar viser at dei nye bustøttemottakarane vil få i gjennomsnitt 1100 kroner i støtte per månad.

I perioden desember - februar blir eigenandelen vesentleg redusert. Det gjer at inntektsgrensa blir høgare enn normalt, og at utbetalingane i januar, februar og mars blir høgare enn de elles ville vore.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordningen. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søker.