Onsdag vil telefonen din pipe - snakk med dei som kan bli utrygge

Onsdag 14. juni klokka 12 skal Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) teste den nye mobilvarslinga.

Bilete av ein telefon med testmeldinga frå DSB. - Klikk for stort bileteSlik vil telefonen din sjå ut onsdag klokka 12. DSB

Alle nyare mobiltelefonar knytt til 4G- og 5G-nettet, i tillegg til nokon nettbrett og smartklokker, vil då spele av ein sireneaktig lyd i 10 sekund. Det vil også kome opp ei melding på skjermen. Denne meldinga vil overstyre alle lydlaus og ikkje-forstyrr-funksjonar.

Det er berre avslåtte telefonar eller telefonar som er i flymodus som ikkje vil få meldinga eller spele av lyd.

I meldinga vil det stå at dette er ein test.

Denne varslinga kjem i tillegg til den tradisjonelle tyfonvarslinga. Vi har ikkje slike tyfonar i Hareid kommune.

Enkelte grupper treng kanskje litt ekstra rettleiing for ikkje å blir skremde av denne varslinga. Det kan gjelde barn, eldre, framandspråklege og personar med utviklingshemming.

Eldre, barn og personar med nedsett funksjonshemming er andre grupper som kan trenge ekstra oppfølging.

DSB har laga mykje materiell som tilsette i kommunane og innbyggarane kan nytte for å trygge dei som treng litt ekstra rettleiing.

Under finn de eit utval av slikt informasjonsmateriell.

 

 

 

Les meir og finn ytterlegare materiell på dsb.no/nodvarsel.

Her kan de sjå ein video om det nye varslingssystemet. Denne har også undertekstar på mange språk slik at du kan vise den til framandspråklege.