Ope innspelsmøte om helsehuset

I høve bygginga av det nye helsehuset i Hareid sentrum, blir det ope møte for eldrerådet, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet.

Slik vil helsehuset og biblioteket sjå ut Sporstøl arkitekter  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Desse råda er til for å gi innspel og råd til kommunen i saker som gjeld gruppene dei representerer. Helsehuset er eit prosjekt som i høgste grad er relevant for desse råda.

Arkitekt, prosjektleiarar og entreprenør vil vere til stades på møtet.

Møter i folkevalde organ er offentlege og er opne for publikum. I utgangspunktet er det berre medlemmane i dei tre råda som kan stille spørsmål. Dersom det er tid til overs på slutten av møtet, vil det likevel bli mogleg for publikum å stille spørsmål og kome med innspel.

Få siste nytt frå hendinga ved å melde di interesse her.

Møtet vil også bli sendt live på Hareid kommune sin Facebook-side.

Tid: Tysdag 18. februar kl 09-11

Stad: kommunestyresalen på rådhuset