Ope møte om Hareid cruisenettverk

Slik vil Hareid satse for å bli cruise-destinasjon.

Dronefoto av Hareid teke frå sjøsida. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Hareid kommune er medskiparar av Hareid cruisenettverk saman med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.. Vi har dei siste månadane jobba tett i lag med enkelte næringsaktørar innan reiseliv i Hareid kommune. Prosjektleiar har også hatt dialog med enkelte reiarlag og nasjonale utfluktsagenttar, og kan melde at der er både interesse og entusiasme for Hareid som ny cruisedestinasjon. Vi treng god samkøyring, tett samarbeid og ei brei utvikling av produkt og tenester.

Tid: tysdag 20. juni klokka 17-19

Stad: Hareid folkebibliotek

 

Program for det opne møtet:

Styringsgruppe

  • presentasjon
  • føremål
  • organisering

 

Presentasjon: ei satsing mot cruise som ein del av reiselivssatsinga i Hareid

  • Kven er kunden?
  • Kva rederi satsar vi på og kvifor?
  • Kva medlemsbedrifter/organisasjonar kan være ein del av HCN

 

- Kva har vore gjort sidan sist møte:

  • samarbeid med enkeltaktørar i Hareid kommune
  • kundemøter – rederi og utfluktsagentar
  • hamnemynde på Hareid

 

Vidare satsing og dei neste stega Stiftelses møte

  • Handlingsplan og økonomiplan
  • Vidare arbeid med hamnemynde
  • Vidare arbeid med produkt og destinasjonsutvikling
  • Marknadspresentasjon mot utvalt kunde/ar
  • Kundemøter

 

Innspel og diskusjon til satsinga

Oppsummering