Over 1100 har førehandsrøysta i Hareid kommune

Målet vårt er å få inn 1500 førehandsrøyster før valdagen.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 

Vi oppmodar dei som har moglegheit – og som har bestemt seg -  til å røyste på førehand. Grunnen er at vi ønsker å redusere kø på valdagen. Det er eit av dei viktigaste smitteverntiltaka vi har.

Dersom du røyster på førehand er du også sikker på at du ikkje er sjuk eller er i karantene på valdagen (du skal få røyste då også, men det blir litt ekstraarbeid).

Per klokka 1500 onsdag 8. september hadde Hareid kommune fått in 1100 førehandsrøyster. Det er meir enn 30 prosent av alle røysteføre i kommunen og ny rekord.

Til samanlikning røysta 725 personar på førehand i stortingsvalet i 2017.

Målet vårt er likevel høgare. Vi ønsker at så mange som 1500 røystar på førehand innan fredag 10. september.

I førehandsrøysteperioden kan du røyste i alle vallokale i heile landet. I Hareid kommune er førehandsrøystelokalet i gamlebiblioteket (kjellaren på rådhuset, inngang frå Bankplassen). Opningstid dei to siste dagane er 10-20 på torsdag og 10-18 på fredag.