På Barnefestivalen under Seinsommarfest i august skal vi jakte på turmagien!

Hareid kommune og Seinsommarfest samarbeider om å sette friluftsliv på agendaen.

Alexander Read og familien jaktar på turmagien

At 2025 er friluftslivets år vil sette sitt preg på årets Barnefestival under Seinsommarfest. Vi inviterer til eit turmagisk foredrag for store og små med Alexander Read frå «Mina og meg» på Barnefestivalen laurdag 9. august. Barnefestivalen er ein del av Seinsommarfest.

Alexander er kanskje betre kjend som «Daddy» frå TV2-seriane «Mina og meg», samt for sitt samfunns-engasjement som friluftsrettleiar og ekspedisjonsfarar og formidlar av korte og lange turar i norsk natur.

Saman har Alexander, Mina og veslesyster Lilje vandra i fjellet på kryss og tvers i fleire år, sommar og vinter, i jakt på turmagien. For det skjer nemleg noko heilt spesielt når fjellguiden i front er ei lita jente på 2, 4 eller 7 år.

Natur gir livsrobuste og trygge barn

I sitt foredrag tar Alexander deg med inn i ei magisk verden spekka med turmagi. Ei verd der troll er like ekte som deg og meg, og der også dei krevjande dagane på tur er med å forme både små og store eventyrarar. Samtidig som vi får bli med på ei inspirerande forteljar-reise proppfull med tips og triks, gir han oss også rom til ettertanke. For kva er eigentleg ein god tur med barn om vi vaksne klarer å legge vekk vaksenhovudet vårt? Og kva slags relasjon har vi, og ønsker oss, i møte med naturen i dagens hastige verd med stadig meir skjermtid og stillesitting?

Dette foredraget osar av eventyrlyst og turglede ispedd ein real dose ettertanke og nye friske perspektiv. I etterkant av foredraget vil Alexander vere saman med oss i parken.

Senke terskel

Alexander er brennande engasjert i å bryte ned terskelen slik at barn, unge og deira foreldre finn vegen ut i naturen. Han jobbar som friluftsrettleiar med naturen som terapeutisk metode for barn og familiar i sårbare livssituasjonar gjennom Blå Kors og sin eigen organisasjon Turmagi. TV-seriane hans er nominert til Gullruten to gangar, og dottera hans, Mina (7), er kåra til «Årets Villmarking 2019» og «Årets Fjellgeit 2021». Det er spesielt menneskemøta som skapast med naturen, og moglegheitene til å bygge livskraftige, heile liv som Alexander er opptatt av å formidle.

Vi gler oss til dette spennande foredraget!

Hareid kommune har fått tilskot til dette arrangementet frå Møre og Romsdal fylkeskommune.